Kunsten å lese alle orda

Posted januar 27, 2007 by robertino
Categories: Uncategorized

Så har igjen 200 skuleleiarar frå vidaregåande skular frå Hordaland (generalar, underoffiserar og ein del korporalar) vore samla i to lange dagar og lært meir om den digitale verda. Professor Wim Veen frå Nederland fortalde oss om Homo Zappiens, den oppveksande slekta som lærer på ein annan måte enn vi visste. Når dei lever seg inn i avanserte dataspel, og samtidig – bokstavleg tala – chattar med ein eller fleire venner, høyrer på musikk og arbeider med matematikkoppgåvene sine (!), så er det ingen grunn til at vi som foreldre eller lærarar skal misse nattesøvnen. Det som har skjedd, er nemleg ikkje at dei er blitt ute av stand til å konsentrere seg skikkeleg om eitt emne; tvert imot har dei lært seg å oppfatte og fordøye fleire ting på ein gong. “Multi tasking” heiter det (ei appelsin til den som greier å finne eit godt norsk uttrykk!), og dermed misser formaningar av typen “no må du skru av musikken og konsentrere deg om skulearbeidet” all autoritet. Dei unge konsentrerer seg så godt som nokon, men de gjer det på eigne premissar i sitt eige tempo og når det passar dei sjølv. Energi og innsatsvilje er det ingenting å seie på, og vi treng ikkje tvile på læringsutbytet. Sosiale er dei og, dei har venner som dei rett nok ikkje alltid har møtt i det vi kallar det verkelege livet, men for dei er livet på nettet verkeleg nok. I rasande fart er dei i ferd med å ta i bruk den nye generasjonen av nettstader (web 2.0), som inviterer til deltaking, samarbeid og deling av spørsmål og svar. Og vi som sit og skal lage skulane sine IKT-planar, spør oss sjølv: Greier vi å ta innover oss at vi er vitne til ein revolusjon? Og kva med motførestellingar? Er det framleis sunt å komme med dei, eller vil dei berre arte seg som dårlege orsakingar? I alle fall blei det ikkje rom for mange av dei på desse to dagane. La meg komme med ein tanke i forhold til eitt av mine fag, norsk. Ein eigenskap ved data-generasjonen sin måte å arbeide på, er ei imponerande evne til å trekkje essensen ut av eit tilsynelatande kaotisk tekstbilete. Dei er ikkje avhengige av å starte øvst til venstre og lese seg nedover, den lineære lesemåten er erstatta av ei rask opfatting av ord og bilete, ofte presentert på kryss og tvers på sida/skjermen. Dei les ikkje alle orda. Slik sett liknar dei på Peer Gynt, dei les ikkje for å sluke, men for å sjå kva dei kan bruke. Det dei ikkje har interesse av, bryr dei seg ikkje om. Dei zappar gjerne mellom tre filmar på tre kanalar, dei ser ikkje alt, men dei ser nok til å ha fått med seg “det viktigaste”. Og så les eg læreplanen i norsk – den nye – og tenkjer at denne lesemåten vil dei ha stor nytte av når dei arbeider med samansette tekstar. Det er i høgste grad multimodale tekstar som er deira greie. Men norskfaget skal framleis handle om gammaldags tekstforståing også. Det skal handle om kulturaven og eit “representativt” tekstutval, og kor liten del av teksten kan elevane då nøye seg med å feste blikket på. La oss tenkje oss at teksten er Hamsuns “Victoria”. Handlinga er enkel nok: Johannes elskar Victoria, og gjer sitt beste for å vinne henne. Men son til ein møllar kan aldri få rikmannsdottera, viser et seg, og det endar med død og sorg. Kor mykje meir får dei moderne lesarane med seg? Ein heil del, får vi håpe, men er blir litt redd på deira vegner nå eg tenkjer på at dei kanskje har gløymt kunsten å lese alle orda, det eine etter det andre. Då kan dei beint fram komme til å gå glipp av t.d. dette: “Spør noen hvad kjærligheten er da er den intet andet enn en vind som suser i roserne og derpå stilner av. Men ofte er den også som et ubrytelig segl som varer for livet, varer til døden.” Og fortel dei meg at dette er kunnskap dei ikkje har bruk for, så veit eg ikkje kva eg gjer.
AS

Blogg utan tårer

Posted desember 16, 2006 by robertino
Categories: Uncategorized

No har også eg lært å bli bloggar, inspirert av to dagar med forelesningar om livet på webben og av unge og uredde kollegaer. Men det forpliktar jo, dette, så no skal eg bruke tid på å finne ut kva denne nye kunnskapen skal brukast til. Det kan bli spennande. Eg kan ikkje la vere å tenkje på Preikarens kjende formaning om at “med mykje visdom fylgjer mykje sut, og aukar du kunnskap, so aukar du kvida”, men eg trøystar meg med at inntil vidare er ikkje kunnskapen min større enn at han er til å leve med.